Kråkebollo

Kråkebollo er «den eldste avdelinga» med 16 barn i alderen 4-6 år og 3,5 vaksne.

Me har fokus på leiken og det sosiale samspelet, det å bli trygg på seg sjølv og visa omsorg for kvarandre.Gjennom felles opplevingar og relasjonar dannar borna venskap og gode verdiar ein tek med seg vidare.

Dei eldste barna som skal starte på skulen har eige opplegg knytt til dette. Kommunen har ein felles plan, kalla «samarbeid og samanheng mellom heim, barnehage og skule/SFO». Føremålet med planen er å styrka samanheng og samarbeid slik at alle born får ein likeverdig, trygg og meiningsfull overgang frå barnehage til skule/SFO. På våren har me ekstra fokus på sjølvstendighetstrening og det å bli skulestartar.

Rammeplan for barnehagen seier at alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Barns medverknad står i fokus og me jobbar gjennom året med tema der barna kjem med innspel og er delaktige i både rollespel og laging av kulisser knytt til arbeidet.