Krabben
I Naustvågen barnehage har me eigen småbarnsavdeling og den heiter ”Krabben”. I løpet av hausten vert me 15 born som har 100% plass . Tilsaman er me 4 pedagogar og 3 barne- og ungdomsarbeidarar som jobbar på Krabben, nokon i redusert stilling. Det er 5 vaksne er på jobb kvar dag. Me gjer mykje kjekt og har mange spanande aktivitetar på avdelingen. Både små og store trivst og har det kjekt i lag. Det er viktig for oss å ha gode rutinar som gir ein trygg og god kvardag for dei yngste, og me tar vare på dei ”små” gledene…. Dei minste barna er veldig flinke og lærevillige!