Litt om Naustvågen barnehage

Velkomen til Naustvågen barnehage! Naustvågen barnehage ligg flott til i Naustvågen, like ved Aker Solutions, med sjøen, naturen og gode turområde tett på. Her har me skapt ein barnehage der leik, gode relasjonar og fellesskap står sentralt i kvardagen. Me ønskjer at barna skal møta trygge og engasjerte vaksne, få utforska verda rundt seg og oppleva meistring, glede og tilhøyrsle – kvar dag. Namnet vårt har me sjølvsagt fått frå plassen me høyrer til: Naustvågen

 

Me har tre avdelingar – Krabben, Sjøstjerno og Kråkebollo – og til saman er me 51 barn og 16 tilsette i Naustvågen barnehage.

Me har eit stort og variert uteområde som inviterer til leik, utforsking og aktivitet. Her er det mykje å finna på for både store og små – året rundt.

Like ved barnehagen har me vår eiga «rubbhall», som me kallar Skattebu. Ho ligg berre 50 meter frå barnehagen og er ein flott stad for leik, aktivitetar og gode opplevingar saman.

Nede ved stranda i Naustvågen har me vår eigen båt, «Reko». Han nyttar me mellom anna når me skal fiska, setja teiner eller øva oss på å ro.

Me er ein kreativ gjeng som likar å utvikla oss og prøva ut nye ting. Me ønskjer å skapa ein variert og innhaldsrik barnehagekvardag, med gode opplevingar og fellesskap for barna.

Foreldre/føresette betaler kr 400 i kostpengar per månad. Dette inkluderer frukost, lunsj, frukt og drikke i barnehagen. I tillegg serverer me varm mat éin dag i veka.