Sjøstjerno

Sjøstjerno er «mellomavdelinga» med 18 barn i alderen 2–4 år og 4 vaksne.

Me jobbar mykje med relasjonar og det å skapa gode fellesskapsopplevingar som barna kan ta med seg inn i leiken sin.

Under punktet «Vår pedagogiske plattform» i årsplanen står det: «Me meiner at gode relasjonar er grunnlaget for all utvikling. Gjennom eit inkluderande leikemiljø, medverknad, språk, undring og utforsking legg me til rette for at barna utviklar sosial kompetanse, livsmeistring og tru på eigne evner.» Så i det daglege arbeidet på avdelinga støttar me barna der dei er, til å veksa og utvikla seg til gode leikevener.

Språkutviklinga står sterkt hos denne aldersgruppa, og me har mykje fokus på språkutviklande aktivitetar som til dømes leik, samtalar og boklesing. I Rammeplan for barnehagen står det at alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Dette har me fokus på.