Sjøstjerno

På Sjøstjerno er me 19 barn og 4 vaksne. Aldersgruppa er 2 og 4 åringar. Me likar å vera mykje ute, og kvar gruppe har ein fast tur dag i veka. Då er me på tur i nærområdet frå ca. kl. 10. 00 - 14.00. Me er ein sentrumnær barnehage, så me har tilgogn på både sentrumstilbod, sjø, skog og idrettsanlegg. Språkstimulering er høgt prioritert hjå oss. Me leikar, dramatiserer og finn på mange spanande aktivitetar saman med ein fantastisk gjeng med kreative og lærevillige 2 og 4 åringar.