Me har tre avdelingar, 50 born tilsaman i systemet, og me er 14 vaksne som tek oss godt av borna.
Uteområdet er stort og spanande for alle, og det er alltid mykje å finna på både for store og små.
Me har og vår eigen "rubbhall" som me kallar Skattebu!!! Den ligg 50 meter frå området vårt og er ein flott stad å vera.
Nede i stranda Naustvågen har me eigen båt som me nyttar når me skal fiska, setja teiner eller berre øva oss på å ro. Båten vår kallar me "Reko".
Me er kreative vaksne, og det er alltid noko me har lyst til å forandra, så me prøver gjerne ut nye ting.