Krabben

Krabben er småbarnsavdelinga i Naustvågen barnehage. Her er det 16 barn i alderen 1-2 år og 6 vaksne. Nokre jobbar redusert.

Under punktet «Samarbeid heim - barnehage» i årsplanen står det:

"Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er avgjerande for at barnet skal oppleva tryggleik, trivsel og utvikling."

Me på krabben tilbyr difor foreldreaktiv tilvenning og jobbar i tett samarbeid med foreldra for å gje barnet tryggleik, moglegheit for å etablere relasjonar og knytte seg til personalet og andre barn. Gjennom foreldreaktiv tilvenning har barnet forelderen tilstades som ein trygg base i tilvenningsfasen. Barnet kan då trekkje seg til ladestasjonen sin når barnet treng det. Etterkvart når barnet blir tryggare på barnehagen, ansatte og andre barn, trekk foreldra seg gradvis tilbake. Dette gjev ein stabilitet og tryggleik for dei minste barna som starter i barnehagen for fyrste gong, noko som er ein stor overgang i livet.

I følge rammeplanen for barnehagen står det at barnehagen skal gje barna moglegheiter til å sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen. Me er opptekne av å gje barnet gode erfaringar med det som blir kalla «nonleiker» som er udefinerbare leiker som gjev barna unike moglegheiter til å bruke sin kreativitet, utforske, undre og skape saman med andre barn og vaksne. Barna får også bruke kroppen gjennom ulike sanselege aktivitetar som å male med heile seg, leike med mjøl, utforske maskeringstape og pappesker. Danse til song og musikk, lage lydar og rytmar med ulike instrument, og bruke stemma vår til både rim, regler og song.